Om meg
Mitt namn er Trond Inge Heimdal Haugland, og eg trivst aller best ute i naturen. Mange av bilda blir til på turar i fjellet, der fysisk aktivitet, ro og naturopplevingar går hand i hand med fotograferinga. Noko av det eg likar aller best, er å sjå korleis lys, vêr og årstider gir landskapet eit nytt uttrykk. Difor vender eg gjerne tilbake til dei same stadene – ikkje for å ta det same bildet, men fordi naturen aldri er heilt den same. Gjennom Nordafjell Foto ønskjer eg å formidle landskapet slik eg opplever det – rått, ekte og i stadig endring. Stemningar som berre varer ei lita stund. Om bilda får deg til å stoppe opp eit augneblink, minnast ein tur, kjenne lysta til å kome deg ut i naturen eller ta litt av den med heim, så er det kanskje den største gleda ved å dele bilda mine. Takk for at du har besøkt sida mi!