Har du funne eit bilete du likar?
Alle bileta er tilgjengelege som Fine Art-print i to storleikar, produserte på høgkvalitets kunstpapir med fokus på detaljar, djupne og naturtru fargegjengiving.
Storleikar
A3+ · 32,9 × 48,3 cm
A2 · 42 × 59,4 cm
Printane blir levert med ein kvit kunstkant, slik at dei kan setjast direkte i ramme. Dersom printen skal monterast med passepartout, kan storleiken på den kvite kanten tilpassast etter ønskje.
Papir av høg kvalitet
Printane blir laga på Canson Baryta Photographique II, eit eksklusivt Fine Art-papir med lett glans og ei klassisk mørkeromskjensle. Papiret gir vakker djupne, framifrå detaljrikdom og naturtru fargegjengiving.
Kvart bilete blir nøye behandla og kontrollert på kalibrert skjerm, med ICC-profil tilpassa papir og utskrift. Printane blir produserte med profesjonelt pigmentblekk for høg kvalitet, god fargestabilitet og lang levetid.
Pris
A3+ · 1 450 kr
A2 · 1 950 kr
Prisane inkluderer levering.
Fine Art-printane er laga for å gjengi uttrykket og stemninga i fotografiet så naturtru som mogleg – frå djupnene i dei mørkaste partia til dei finaste detaljane.
Har du spørsmål eller ønskjer å bestille ein print, er du velkomen til å ta kontakt via kontaktskjemaet eller via e-post kontakt@nordafjellfoto.no.